[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]
Oppdaterte ordbankfiler for programmet ordbanken
From: |
Karl Ove Hufthammer |
Subject: |
Oppdaterte ordbankfiler for programmet ordbanken |
Date: |
Wed, 23 Mar 2022 20:56:18 +0100 |
User-agent: |
Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:91.0) Gecko/20100101 Thunderbird/91.7.0 |
Hei, brukarar av programmet Ordbanken!
Ei ny versjon av Norsk ordbank vart offentleggjord i dag, og eg har
derfor oppdatert ordbankfilene (datagrunnlaget for programmet ordbanken)
i Subversion-depotet basert på denne. Sjølv om filene først vart
publiserte i dag, er dei baserte på eit uttrekk frå 1. februar 2022. Den
førre versjonen var frå oktober 2019. Ut frå ei e-postutveksling eg har
hatt med Språkbanken (ved Nasjonalbiblioteket) og Språksamlingane (ved
UiB), verkar det til å ha vore ei misforståing som har ført til at
Språkbanken ikkje har publisert nokon nye ordbankfiler dei siste åra.
Førebels er endringane berre tilgjengelege via Subversion-depotet
(svn://svn.savannah.nongnu.org/ordbanken/), men eg vil gje ut ein
offisiell versjon om ikkje så lenge.
Det har elles blitt gjort *mykje* med ordbankmaterialet sidan 2019. Sjå
heimesida til Revisjonsprosjektet
(https://www.uib.no/lle/121561/revisjonsprosjektet-bokm%C3%A5lsordboka-og-nynorskordboka)
for meir informasjon. Årsmeldinga deira for 2021 er òg interessant
lesnad:
https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/attachments/arsrapport_for_revisjonsprosjektet_2021.pdf
Det er fleire tidsaktuelle nye ord i dei nye ordbankfilene, som
«munnbind», «andedragsvern», «koronavaksine» og «elsparkesykkel» (men òg
nokre alderdommelege nye ord, som «møllpose»). Her er ei oversikt over
kva lemma (grunnord) som er gåtte ut, komne inn eller fått endra
stavemåte i nynorskfilene:
https://huftis.org/kritikk/ordbanken/endringar-lemma-nn.html
Det er berre eitt lemma som er *markert* til å ha fått endra stavemåte,
og det er «ablegøyer», som no har grunnforma «ablegøye» (og altså kan
brukast i eintalsform). Men det er i praksis fleire. Eg ser for eksempel
at «besserwissar» har gått ut og «besserwisser» har komme inn. Det er jo
same ord, men med ny stavemåte og ny lemma-ID (talkode som identifiserer
lemmaet).
Det er òg mange endringar i bøyinga av orda:
http://huftis.org/kritikk/ordbanken/endringar-fullform-nn.html
Det meste ser ut til å vera fjerning av «falske» adjektivbøyingar, som
«himmelfalnaste». (Men eg synest dei har vore litt overivrige og fjerna
fleire gyldige adjektivbøyingar.)
Her er tilsvarande oversikter for bokmål:
http://huftis.org/kritikk/ordbanken/endringar-lemma-nb.html
http://huftis.org/kritikk/ordbanken/endringar-fullform-nb.html
--
Karl Ove Hufthammer
- Oppdaterte ordbankfiler for programmet ordbanken,
Karl Ove Hufthammer <=