ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

Ny versjon av ordbanken (2020-09-10) klar


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: Ny versjon av ordbanken (2020-09-10) klar
Date: Fri, 11 Sep 2020 17:43:03 +0200
User-agent: Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:68.0) Gecko/20100101 Thunderbird/68.12.0

Eg har no lagt ut versjon 2020-09-10 av programmet ordbanken. Dokker får han slik:

Alternativ 1: Last ned frå https://download.savannah.gnu.org/releases/ordbanken/ordbanken-2020-09-10.tar.xz.

Alternativ 2: Oppdater frå SVN (for dei som brukar det).

Alternativ 3: For openSUSE-brukarar har eg laga denne pakken/pakkebrønnen: https://software.opensuse.org/package/ordbanken

Alternativ 4: For Gentoo-brukarar har Hans Fredrik Nordhaug laga ein pakke: https://github.com/hansfn/gentoo-overlay.


Her er det viktigaste nye i denne versjonen:

– Oppdatert til ny versjon av Norsk ordbank (versjon 2019-10-10).
  Sjølv om ordbankfilene er frå 10. oktober 2019, ser det ut til
  at dei først vart offentleggjorde 17. april 2020.

  Det var som vanlege nokre tekniske endringar i ordbankfilene,
  noko som medførte mindre justeringar i skriptet som pakkar
  dei ut. Dette gjer at det ikkje er kompatibelt med tidlegare
  versjonar.

– Retta feil som gjorde at nokre moglege programargument som
  starta med «-» eller «--» (eks. «-F» og «--regulært-uttrykk»),
  ikkje vart føreslegne av autofullføringa.

– Gjort ulike skript som programmet brukar, meir robuste.
  Har gått gjennom alle shell- og bash-skripta med verktøyet
  ShellCheck og gjort endringar slik at dette ikkje lenger
  gjev åtvaringar. (Det var òg slik feilen ovanfor vart oppdaga.)

– Oppdatert adressene til Norsk ordbank. Dei gamle adressene
  verka ikkje lenger.

– Forbetra og meir kompakt layout i det grafiske skjermelementet.

Som vanleg er kommentarar, tips og forbetringar hjarteleg velkomne, anten her på e-postlista eller direkte til meg på karl@huftis.org. Direkte feil melder dokker best inn via feilsporingssystemet https://savannah.nongnu.org/bugs/?group=ordbanken.

--
Karl Ove Hufthammer




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]