ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

Oppdaterte ordbankfiler for programmet ordbanken


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: Oppdaterte ordbankfiler for programmet ordbanken
Date: Thu, 21 May 2020 12:07:42 +0200
User-agent: Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:68.0) Gecko/20100101 Thunderbird/68.8.0

Hei!

Eg har no oppdatert ordbankfilene (kjeldegrunnlaget for programmet ordbanken) i Subversion-depotet til siste offisielle versjon. Desse er frå 10. oktober 2019, men vart så vidt eg kan sjå først offentleggjorde 17. april i år. Dei inneheld endringar frå 23. januar 2019 til 10. oktober 2019.

Førebels er endringane berre tilgjengelege via Subversion-depotet (svn://svn.sv.gnu.org/ordbanken), men eg vil gje ut ein offisiell versjon om ikkje så lenge.

Denne gongen har eg laga ei meir fullstendig og lettlesen oversikt over kva som endra frå førre versjon av ordbankfilene. Først ei oversikt over kva lemma (grunnord) som er gåtte ut, komne inn eller fått endra stavemåte i nynorskfilene:

https://huftis.org/kritikk/ordbanken/endringar-lemma-nn.html

Det er fem ord som har fått endra (retta) stavemåte:

  cheerleadar → cheerleader
  formidllingsøkonomi → formidlingsøkonomi
  fyrstefiolonist → fyrstefiolinist
  hyperkativitet → hyperaktivitet
  vinarskalle → vinnarskalle

Det er òg nokre få ord som har gått ut, typisk feilstavingar som «ombord», «tilstades», «etterkvart», «sovidt» og «etg.». Det er mange ord som har komme inn. Her finn me blant anna fleire (litt) nyare ord, som «brownie», «cosplay», «hedgefond», «ruccola»/«rukkola», «toastjern» og «veganisme». Det er òg ein haug med nye innbyggarnamn, som hokksunding, vevelstadværing, sundsokning og mandalitt. Elles merker eg meg at dei fleste orda som er komne inn, har a eller b som første bokstav. Tippar derfor det er eit resultat av det pågåande Revisjonsprosjektet (https://www.uib.no/lle/121561/revisjonsprosjektet-bokm%C3%A5lsordboka-og-nynorskordboka), der ord som berre stod i Bokmålsordboka no òg vert førte inn i Nynorskordboka (med nynorsk bøying, sjølvsagt!).

Det er òg mange endringar i bøying av orda:
http://huftis.org/kritikk/ordbanken/endringar-fullform-nn.html

Blant anna er ein del «falske» adjektivbøyingar, som «adresselausaste», fjerna.

Her er tilsvarande oversikter for bokmål:
http://huftis.org/kritikk/ordbanken/endringar-lemma-nb.html
http://huftis.org/kritikk/ordbanken/endringar-fullform-nb.html


--
Karl Ove Hufthammer




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]