ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Ny versjon av ordbanken (2019-04-06) klar


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Ny versjon av ordbanken (2019-04-06) klar
Date: Sat, 6 Apr 2019 11:37:18 +0200
User-agent: Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:60.0) Gecko/20100101 Thunderbird/60.6.1

Eg har no lagt ut versjon 2019-04-06 av programmet ordbanken. Dokker får han slik:

Alternativ 1: Last ned frå https://download.savannah.nongnu.org/releases/ordbanken/ordbanken-2019-04-06.tar.xz.

Alternativ 2: Oppdater frå SVN (for dei som brukar det).

Alternativ 3: For openSUSE-brukarar har eg laga denne pakken/pakkebrønnen: https://software.opensuse.org/package/ordbanken

(Alternativ 4: For Gentoo-brukarar har Hans Fredrik Nordhaug òg laga ein pakke: https://github.com/hansfn/gentoo-overlay. Men denne er p.t. ikkje oppdatert til den rykande ferske 2019-04-06-versjonen.)


Her er det viktigaste nye i denne versjonen:

– Oppdatert til ny versjon av Norsk ordbank (som anten er
  frå 2019-02-20 eller 2019-01-23, avhengig om du stolar på
  nettsida eller på filnamna).

  Det var ein del tekniske endringar der, blant anna med
  teiknkoding og sortering. Den viktigaste endringa for
  .txt-filene slik dei er lagra her i «ordbanken» er
  at førstekolonnen (som berre inneheldt linjenummer) er
  fjerna, og at filene er ferdigsorterte. Dette gjev
  forhåpentlegvis mindre og lesbare diff-ar i framtida.

  På grunn av endringane er programmet ikkje lenger
  kompatibelt med «kjeldefiler» frå eldre versjonar av
  Norsk ordbank. Men gamle versjonar av dei «kompilerte»
  ordlistefilene (.dat-filene) skal fungera fint.

– Lagt til lenkje til feilrapporteringssystemet
  (https://savannah.nongnu.org/bugs/?group=ordbanken),
  både ved vising av hjelpe- og versjonstekst (#54584).

– Autofullføring på meir enn eitt kriterium gjev
  ikkje lenger feilmelding (men gjev heller ingen
  fleire forslag) (#54583).

– Autofullføring av filtreringskriterium (ordklassar)
  foreslår no berre kriterium der dei første bokstavane
  er like allereie inntasta kriterium (#54583).
  For eksempel vil «ordbanken teste pre[tab]» berre
  foreslå «pres», «pret» og «pres-part», ikkje
  «verb», «imp» og «perf-part».

– Autofullføring for bokmål fungerer no igjen. Feilen
  oppstod i versjon 2018-07-05, der språkkoden i filnamna
  for bokmålsordlistene vart endra (#54583).

– Retta feil som gjorde at delar av argumentforklaringa hamna
  i feil kolonne i hjelpeteksten («ordbanken --hjelp»).

– Oppslag på ordet «la» og nokre andre problemord fungerer
  no igjen. (Problemet kom av feil sortering av ord med
  apostrof i, noko som gjorde at ord som stod rett etter
  apostroforda i ordlistefila ikkje fungerte.)

– Vidarefiltrering av ord tek no berre omsyn til sjølve
  ordkodane (ordklassane), ikkje òg grunnordet. Eit søk på
  «flisleggje fl» vil no berre finna fleirtalsforma av ordet
  «flisleggje», mens det før fann alle formene (sidan sjølve
  oppslagsordet òg startar med filtreringskriteriet, «fl»).

– Fleire testar («make test»), for å hindra at det uforvarande
  dukkar opp nye feil i programmet.

– Mindre forbetringar av AppData-fila.

Som vanleg er kommentarar, tips og forbetringar hjarteleg velkomne, anten her på e-postlista eller direkte til meg på address@hidden Direkte feil melder dokker best inn via feilsporingssystemet https://savannah.nongnu.org/bugs/?group=ordbanken.

--
Karl Ove Hufthammer



reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]