ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Ny versjon av Norsk ordbank


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Ny versjon av Norsk ordbank
Date: Tue, 3 Jul 2018 16:46:36 +0200
User-agent: Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:52.0) Gecko/20100101 Thunderbird/52.8.0

Hei!

Som nemnt i den førre e-posten min var siste versjon av Norsk ordbank to år gammal. Men no har det endeleg komme ein ny versjon!

Det er fleire endringar i den nye versjonen:

  – Oppdateringar/rettingar av orda som er med (sjølvsagt) :)
  – Ikkje lenger informasjon om tidlegare klammeformer og unormerte former :(
  – Nytt filformat :/
  – Ny lisens (CC-BY 4.0) :|

Alt dette gjer at det er ein del arbeid med å tilpassa programmet Ordbanken til å kunna bruka den nye versjonen. Det er rett og slett mykje av innmaten i programmet som må skrivast om for å handtera det nye filformatet.

Eg har førebels starta med å laga til såkalla einingstestar for den eksisterande funksjonaliteten. Med desse kan eg lett finna ut om programmet framleis fungerer som det skal når eg gjer endringar. De som brukar SVN-versjonen, kan ta «svn up» for å følgja med på endringane og prøva ut testane.

Sjølve ordbankfilene er flytta til Nasjonalbiblioteket. Last ned frå https://www.nb.no/sprakbanken/show?serial=oai%3Anb.no%3Asbr-41&lang=en dersom de er interesserte i å sjå nærare på kva som er nytt. Ein kjekk ting med det nye formatet er at det ser ut til å innehalda informasjon om *når* eit ord vart lagt til (årstal eller dato). For dei som måtte lura, det nyaste ordet (på nynorsk) er «tåsandal». Det er faktisk så nytt at det vart lagt inn i oktober i år! Av det kan me vel slutta at ordbankfolka ikkje har skikkeleg validering på datoane sine – eller er veldig føre si tid … :)

--
Vennleg helsing
Karl Ove Hufthammer




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]